12. juni sa irane eit klart nei til ”reformtraktaten” eller Lisboa-traktaten. Arbeidsfolk over heile Europa rettar no augo mot sine irske brør og systre. Dei kan med nei-et stikke kjeppar i hjula for unionsprosjektet.
Ei lang rekkje saker er sett på vent i EU for ikkje å skapa større nei-oppslutnad. Desse sakene kjem opp fyrst nokre dagar etter røystinga.
Nederland og Frankrike stoppa grunnlovsframlegget i 2005 då veljarane sa nei i folkerøystingar. Denne gongen har EU fjerna noko frå framlegget og kalla det noko anna enn konstitusjon, men innhaldet er over 90 % det same som førre gongen. Skilnaden er at no er det berre Irland som skal ha folkerøysting.
Åtak på irsk nøytralitet
Traktaten legg til rette for meir ”fellesskap”, og færre saker enn før skal kunne blokkerast av eit mindretal av landa. Det militære samarbeidet skal verta sterkare, og på mange vis nærmar EU seg ein forsvarspakt. Det sitt ikkje godt hjå irar som gjerne vil halda på nøytraliteten, i likskap med svenskane.
Med Lisboa-traktaten tek EU nok ein gong mange steg mot ein føderasjon. Når nasjonalstatane ikkje lenger er sjølvstendige i utanrikspolitikken, forsvarspolitikken, handelspolitikken, pengepolitikken, fiskeripolitikken og kontrollen med grensene sine, er det ikkje mykje att av sjølvstendet. Samstundes er det planar om meir ”samarbeid” om andre delar av justis- og finanspolitikken. Når vi veit at EU er grunnleggjande udemokratisk og styrd av ein liten klikk teknokratar av Javier Solanas karakter, er det ikkje rart motstanden aukar i takt med folkeopplysninga. EU kan ikkje realiserast på demokratisk vis.
Uspiseleg for arbeidsfolk
Likevel er det andre moment som gjer EU so uspiseleg for arbeidsfolk. Roma-traktaten, og Lisboa-traktaten, gjer kapitalismen til lov, marknadsfridomen er innførd med tvang. Den nye traktaten stadfestar attpåtil at landa forpliktar seg til stadig å rusta opp den militære kapasiteten. Mykje av dette er alt sett i verk gjennom ulike reformer i EU. Einskilddirektiva gjer EU til ei arbeidarfiendsleg overmakt, medan Lisboa-traktaten flyttar makt frå dei små til dei store landa, utan at folkevalde får meir makt.
Hadde EU respektert demokratiet og sine eigne traktatreglar, ville Lisboa-traktaten no vert like daud som grunnlovsframlegget. Men alt no vert det planlagt korleis ein kan omgå nei-resultatet på kjent EU-vis.
Det irske nei-et til Lisboa-traktaten er likevel eit nytt folkeleg slag mot monopolkapitalen sitt europeiske unionsprosjekt, og mot planane om å gjere EU til verdas mest konkurransedyktige region – med lønene og rettane til arbeidarklassen i Europa som offer. Vi gratulerer Irland med resultatet, det einaste landet kor EU-innbyggarane fekk lov å seia meininga om EUs framtid.






